Fagbegreper
A
- Administrasjon
- Den daglege styringa og drifta av ei verksemd
- Administrative sikkerheitstiltak
- Er opplæring og sikkerheitstiltak baserte på rutinar og instruksar.
- Adware
- Program som samlar informasjon om nettvanane til brukarane.
- Altinn
- Ein internettportal der all innrapportering til det offentlege skjer
- Angrerett
- Retten ein forbrukar har til å gå frå ein kjøpsavtale
- Anleggsmiddel
- Eigedelar til varig eige eller bruk
- Ansvar
- Ei plikt til å sørgje for at visse arbeidsoppgåver blir utførte
- Antivirusprogram
- Søkjer på maskinen etter forskjellige typar av skadevare og fjernar dei.
- App
- Eit miniprogram for smarttelefon, nettbrett og andre mobile einingar.
- Arbeidsgivar
- Ein som har tilsett ein arbeidstakar for å utføre arbeid i si teneste.
- Arbeidsmiljø
- Summen av alt som påverkar deg på arbeidsplassen
- Arbeidsmiljø (fysisk)
- Den tekniske utforminga av arbeidsplassen
- Arbeidsmiljø (individuelt)
- Handlar om at vi oppfattar ting ulikt
- Arbeidsmiljø (organisatorisk)
- Dette er korleis arbeidet er lagt til rette og organisert, graden av medverknad, graden av fridom i jobben, einsformig eller variert arbeid og arbeidstid
- Arbeidsmiljø (psykososialt)
- Sosiale, mellommenneskelege og organisatoriske forhold som påverkar arbeidsevna, helsa og velferda til arbeidstakarane
- Arbeidsmiljø (sosialt)
- Handlar om korleis dei tilsette meistrar sosiale situasjonar og klarer å kommunisere, delta og samarbeide med kvarandre
- Arbeidstakar
- Ein som utfører arbeid i teneste for ein annan.
- Arealsikring
- Sikkerheitstiltak på området mellom periferien og bygningane.
- Arkiv
- Ei strukturert samling av informasjon
- Arkivalia
- Informasjonen som blir arkivert (dokument, filer, bilete)
- Arkivering
- Arbeidet med å plassere og lagre dokument på rett stad i arkivet
- Avanse
- Skal dekkje både dei indirekte kostnadene og fortenesta
- Avfall
- Er gjenstandar eller stoff som nokon har kassert eller har tenkt å kassere.
- Avvik
- Ei uønskt hending som har oppstått eller kunne ha oppstått, og som krev handling/tiltak.
Tilbake til toppen
B
- Balanselikninga
- Eigedelar = eigenkapital + gjeld
- Bedriftsmarknaden
- Ein marknad der bedrifter handlar seg imellom
- Behov
- Ein mangel vi føler at vi har, slik at vi er villige til å ofre noko for å komme i likevekt
- Beredskap
- Betyr å vere klar til å reagere på ein trussel og handtere han etter førehandsbestemte rutinar om han skulle inntreffe.
- Berekraftig utvikling
- Er ei utvikling som kjem i møte behova til noverande generasjon utan å redusere moglegheitene for kommande generasjoner til å dekkje sine behov.
- Brannmur
- Kontrollerer datatrafikken mellom internett og eigen maskin for å sjekke om den andre enden tilbyr tilstrekkeleg sikkerheit.
- Brukarnamn
- Eit namn som skal gjenkjenne ein person, og som også skal stemme med eit passord for tilgang til ein ressurs.
- Budsjett
- Ein økonomisk plan for framtida
- Budsjettavvik
- Når rekneskapen viser eit anna resultat enn budsjettet
- Buzzmarknadsføring
- Kan definerast som gjensidig påverknad mellom kundar og brukarar av eit produkt
Tilbake til toppen
C
- CV (latin: curriculum vitae)
- Eit dokument du lagar om deg sjølv, og som du bruker når du skal søkje jobb
- Cyberspace
- Er eit anna ord for det digitale nettet.
Tilbake til toppen
D
- Data
- Informasjon i ei eller anna form
- Datakriminalitet
- Kriminell verksemd der datateknologi blir brukt som reiskap for den kriminelle handlinga.
- Datanettverk
- Eit nettverkssystem som gjer det mogleg med kommunikasjon mellom datamaskinar, ofte berre kalla nettverk.
- Dataregister
- Strukturert lagring av større mengder data. Kan vere digitalt eller analogt. I dag mest assosiert med digitale data.
- Datasikkerheit
- Tiltak vi set i verk for å redusere eller fjerne truslar retta mot data og datasystem.
- Datateknologi
- Digitale og tekniske system som gjer det mogleg å behandle og kommunisere data mellom digitale plattformer.
- Datavirus (skadevare)
- Er eit program med ein skadeleg kode som kan gjere skade på maskinen.
- Debetkort
- Trekkjer kjøpesummen direkte frå bankkontoen din (vanlegvis bankkortet ditt)
- Delegere
- Å overføre myndigheit
- Delingskultur
- Ei haldning som seier at det er positivt å dele ressursane til kvarandre.
- Demografi
- Samansetninga og storleiken på befolkninga på eit visst tidspunkt. Det handlar om kjønn, alder, inntekt, bustad og kor mange det er i dei ulike befolkningsgruppene
- Deponering
- Er å lagre på ein forsvarleg måte.
- Destinasjon
- Er ein stad som turistar reiser til.
- Destinasjonsutvikling
- Samarbeid om å utvikle reiselivsprodukt på ein destinasjon.
- Det heilskaplege reiselivsproduktet
- Når reiselivsprodukta overnatting, servering, transport og attraksjonar/opplevingar er sette saman til eitt produkt.
- Det konkrete produktet
- Det vi kjøper reint fysisk
- Det totale produktet
- Kjerneproduktet + det konkrete produktet + service
- Detektere
- Det same som å oppdage eller registrere.
- Detektor (sensor)
- Ei teknisk innretning som reagerer på ytre forhold.
- Digital spionasje
- Hacking av eit datasystem for å stele data, eller få kunnskap om ein konkurrent.
- Digitale salskanalar
- Når eit produkt kan seljast gjennom eit medium som er koda i eit format som maskinar kan lese
- Digitalt lagringsmedium
- Eit lagringssystem der data blir lagra elektronisk i eit system basert på 0 og 1.
- Direkte kostnader
- Kostnader som kan knytast direkte til eit produkt
- Distribusjon
- Alle aktivitetar som er nødvendige for å gjere produkta tilgjengelege for kjøparane
- DoS-angrep, tenestenekt
- Er målretta angrep mot datasystem som gjer at det ikkje er mogleg å få tilgang til informasjon eller ressursar som ligg i systemet.
Tilbake til toppen
E
- Eigenkapital
- Dei pengane eigarane sjølve tilfører verksemda
- Einingsregisteret
- Eit register som inneheld alle norske føretak, både private og offentlege. Ved registreringa får du eit organisasjonsnummer
- Eksterne arbeidsvilkår
- Forhold som ligg utanfor verksemda, og som vi ikkje kan kontrollere. Desse skaper moglegheiter, men kan også vere trugsmål
- Eksternt møte
- Har både deltakarar som er tilsette i verksemda, og deltakarar som ikkje er tilsette der
- Emballasje
- Er innpakning
- Emballasjeavfall
- Avfall som oppstår når vi fjernar innpakninga rundt varer.
- Emneknagg (hashtag)
- Eit stikkord som blir brukt for å gruppere meldingar som handlar om det same. Ein emneknagg består av teiknet # følgt av eit ord, utan mellomrom.
- Energigjenvinning
- Betyr at avfallet blir brent og varmen utnytta til å produsere energi.
- Etikk
- Læra om verdiar, haldningar og forventningar som seier noko om kva som er rett og gale.
Tilbake til toppen
F
- Fake news, falske nyheiter
- Presseoppslag med usant innhald som er publisert bevisst, gjerne med sensasjonelt preg.
- Faktura, inngåande
- Faktura verksemda tek imot frå leverandørane sine
- Faktura, utgåande
- Faktura verksemda sender til kundane sine
- Farleg avfall
- Er avfall som kan føre til alvorleg forureining eller vere til skade for menneske eller dyr.
- Farleg gods
- Er varer som under transport kan gi auka risiko for skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar.
- Faste kostnader
- Kostnader som ikkje endrar seg med mengda av sal eller produksjon
- Finansielle tenester
- Mellom anna kredittavtalar, bankinnskot og banklån
- Finansiere
- Å skaffe pengar til å betale utgifter og investeringar med
- Finansieringsplan
- Ein plan for korleis verksemda skal dekkje kapitalbehovet
- Fjernsal
- Sal ved bruk av telefon, e-post eller internett
- Forbetringstiltak
- Tiltak som blir sett i verks for å rette opp svakheiter
- Forbrukarkjøp
- Sal av ting til ein forbrukar når seljaren eller ein representant for seljaren opptrer i næringsverksemd
- Forbrukarmarknaden
- Består av forbrukarar som deg og meg som kjøper varer og tenester av profesjonelle seljarar til eige bruk. Døme på profesjonelle seljarar er butikkar, restaurantar, hotell og flyselskap
- Forretningsidé
- Fortel: Kva kundar/målgrupper bedrifta ønskjer å rette seg mot. Kva behov hos målgruppene bedrifta vil dekkje. Kva produkt bedrifta skal tilby for å dekkje behovet til målgruppene. Kva fortrinn som gjer bedrifta i stand til å dekkje behovet
- Forretningsmodell
- Gjer greie for korleis ei verksemd skal skape og levere verdiar, og korleis verksemda skal tene pengar på verdiskapinga
- Forretningsplan
- Ein systematisk gjennomgang av alle forhold ved ei etablering, frå idéfasen og til du er i gang. Denne planen er retningslinjer du skal følgje både under sjølve etableringa og når verksemda er oppe og går
- Forseinking (forbrukarkjøp)
- Dersom vara blir levert for seint eller ikkje blir levert i det heile, er det forseinking
- Forsyningskjede
- Består av ulike aktørar som samarbeider om å gjennomføre transport- og logistikktenester.
- Forteneste (produkt)
- = utsalsprisen – kostnadene som er knytte til produktet
- Fortenestemargin
- Differansen mellom verdiane som blir skapte i verksemda, og kostnadene ein har ved å skape desse verdiane
- Fraktbrev
- Er eit dokument som følgjer ei varesending.
- Frakttabell
- Er ein tabell som viser kva det kostar å sende gods over ulike avstandar.
- Frankere
- Å setje porto på post som skal sendast
- Funksjonell kvalitet (teneste)
- Korleis utøvinga av tenesta faktisk skjer
- FylkesROS
- Risiko- og sårbarheitsanalysar for uønskte hendingar og truslar som kan ramme infrastruktur og innbyggjarane i fylket eller regionen.
- Fysisk arbeidsmiljø
- Utforminga og tilrettelegginga av arbeidsstaden som påverkar helsa, miljøet, sikkerheita og velferda til arbeidstakarane, til dømes inneklima, lysforhold, støy og bygningsmessige forhold
- Fysiske sikkerheitstiltak
- Tiltak som er fysiske og gjerne solide, som gjerde, portar og bommar.
- Føretaksregisteret
- Er knytt til Einingsregisteret, men inneheld meir informasjon om verksemdene, mellom anna kven som har ansvar der
Tilbake til toppen
G
- Gjeld, kortsiktig
- Gjeld som skal betalast attende i løpet av det nærmaste året
- Gjeld, langsiktig
- Gjeld som skal betalast attende i løpet av meir enn eitt år
- Gjenvinning
- Er tiltak som blir gjorde for at avfallet skal komme til nytte.
- Globalisering
- Er eit uttrykk for ei verd der varer og tenester, menneske, pengar og informasjon flyttar seg nesten fritt over landegrensene.
- God marknadsføringsskikk
- God oppførsel overfor dei vi rettar marknadsføringa mot
- Gods
- Er varer som transportørar formidlar frå avsendarar til mottakarar.
- Godsterminal
- Er ei verksemd for sortering av gods som er på veg frå ein avsendar til ein mottakar.
- Grossist
- Er ei handelsbedrift som kjøper varer frå produsentar og sel vidare til detaljistar.
- Gründer (tysk: grunnleggjar)
- Ein person som har ein idé om eit produkt som er så god at han startar si eiga bedrift på grunnlag av denne ideen
Tilbake til toppen
H
- Hacking
- Innbrot i datasystem og datamaskinar.
- Handelspraksis
- All handling eller unnlating av handling, framferd, reklame og marknadsføring i samband med sal både før, under og etter at avtale er inngått
- Handelspraksis (urimeleg)
- Ufine forretningsmetodar som gjer at forbrukarane blir lurte eller pressa til å gjere noko dei ikkje hadde gått med på dersom dei hadde visst betre
- Handlemønster
- Korleis folk kjøper varer og tenester. Kven handlar? Kva handlar dei? Kvar handlar dei? Korleis handlar dei? Kor ofte handlar dei?
- Handlingsplan
- Ei oversikt over arbeidsoppgåver som må gjerast for å få god framdrift i verksemda
- Handlingsplan (i marknadsplanen)
- Gjer greie for dei marknadstiltaka vi skal gjennomføre i året som kjem, når det skal skje, budsjett for tiltaka og kven som har ansvaret for gjennomføringa
- Hardware (maskinvare)
- Fysiske komponentar i eit datasystem.
- Hashtag (emneknagg)
- Eit stikkord som blir brukt for å gruppere meldingar som handlar om det same. Ein hashtag består av teiknet # følgt av eit ord, utan mellomrom.
- Hierarki
- Rangordning
- HMS
- Helse, miljø og sikkerheit
- Hoax
- Ei bevisst løgn som nokon spreier for å lure andre. Ein hoax liknar på fake news, men er gjerne meir omfattande formulert.
- Horisontalt samarbeid
- Samarbeid mellom like distribusjonsledd, til dømes mellom ei gruppe detaljistar eller ei gruppe grossistar
- Human Resource (HR)
- Menneskeleg ressurs, ofte forkorta med HR
Tilbake til toppen
I
- Identitetstjuveri
- Når nokon stel personopplysningar frå ein annan og gir seg ut for å vere denne personen.
- Ikkjepersonlege medium
- Medium som når ut til mange personar samstundes. Ikkje-personlege medium blir gjerne kalla massemedium
- IK-mappe
- Ei samla oversikt over alt som har med internkontrollen i ei verksemd å gjere. Skal dekkje krava til dokumentasjon frå styresmaktene.
- IK-system
- Etablerte rutinar for internkontroll som tilfredsstiller krava frå styresmaktene.
- IKT
- Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, i daglegtale ofte «datateknologi».
- Indirekte kostnader
- Kostnader som ikkje har nokon direkte samanheng med det aktuelle produktet
- Individuelt arbeidsmiljø
- Handlar om at vi oppfattar ting ulikt
- Informasjon
- Data og opplysningar av alle typar.
- Informasjonssikkerheit
- Er krav til pålitelegheit og sikkerheit knytte til informasjon, og system for å tryggje dette.
- Infrastruktur
- Er den underliggjande strukturen som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere.
- Inkluderande arbeidsliv (IA)
- Eit arbeidsliv for alle som kan og vil bidra
- Inngåande faktura
- Faktura verksemda tek imot frå leverandørane sine
- Inngåande post
- Posten som kjem til verksemda
- Innovasjon Noreg
- Eit statleg selskap stifta i 2003. Formålet med Innovasjon Noreg er å medverke til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Selskapet skal også profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål
- Inntakskost
- Varekostnad + andre kostnader som kjem til før vara har komme inn på lager
- Instruks
- Fortel korleis ei arbeidsoppgåve skal utførast
- Intermodal konteinar
- Vil seie at han kan lastast om frå éi transportform til ei anna.
- Interne arbeidsvilkår
- Forhold innanfor i verksemda vår, og som vi kan gjere noko med. Det er våre sterke og svake sider
- Internkontroll
- Eigenkontroll av det systematiske sikkerheitsarbeidet i bedrifta.
- Internkontrollforskrifta
- Ei forskrift som gir nærare retningslinjer til mellom anna AML om kva det systematiske sikkerheitsarbeidet inneber, og kva det krev av eigenkontroll i verksemda.
- Internt møte
- Har berre deltakarar frå eiga verksemd.
- Investering
- Ei utgift verksemda har, og som ho reknar med skal gjere sitt til auka lønnsemd på sikt
- Investor
- Ein person eller ei verksemd som hjelper deg med finansieringa ved å investere pengar i verksemda di
- IT
- Informasjonsteknologi. IKT er ein del av IT. I daglegtale ofte «datateknologi».
Tilbake til toppen
K
- Kapitalbehov (ved etablering)
- Kor mykje pengar du treng for å komme i gang med verksemda
- Kassekreditt
- Eit lån banken gir for at verksemda skal kunne betale dei løpande utgiftene
- Kjeldekritikk
- Å undersøkje om informasjon og opphavet til denne er til å stole på.
- Kjeldesortering
- Vil seie å sortere avfallet i ulike fraksjonar.
- Kjerneproduktet
- Behovstilfredsstillinga med produktet
- Kjøpesignal
- Teikn frå kunden som viser at han nærmar seg ei avgjerd. Det kan vere både spørsmål og fysiske handlingar
- Kollektivtransport
- Er regelmessig persontransport i rute langs faste trasear og er open for alle.
- Kommunal beredskapsplikt
- Plikta kommunen har til å utarbeide, vedlikehalde og setje i verk krise- og beredskapsplanar.
- Kommunikasjon
- Den prosessen der ein person, ei gruppe eller ei verksemd (avsendar) overfører informasjon til ein annan person (mottakar)
- Konkurransebasert prissetjing
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter det konkurrentane våre tek for liknande produkt
- Konkurransemidla
- Dei fem P-ane: Produkt, Pris, Plass, Påverknad og Personale
- Konsekvens
- Resultatet dersom ei uønskt hending har skjedd.
- Konsekvensreduserande sikkerheitstiltak
- Tiltak som blir gjorde for å redusere eller avgrense skadeomfanget av ei uønskt hending som har funne stad.
- Kontaktpunkt (service)
- Dei situasjonane der vi møter kunden og kan yte service
- Kontoplanen
- Inneheld ei oversikt over alle kontoane med kontonummer, som blir nytta i ein rekneskap
- Kontrollspenn
- Talet på personar som er direkte underlagde ein leiar
- Korrespondanse
- All informasjon som blir send med post, manuelt eller elektronisk
- Korrupsjon
- Å ta imot eller krevje ein fordel utover det ein normalt ville fått i si stilling, og som kan føre til ein urettkommen fordel for givaren på eit seinare tidspunkt.
- Kortsiktig gjeld
- Gjeld som skal betalast attende i løpet av det nærmaste året
- Kostnad
- Forbruk av ressursar målt i pengar
- Kostnader, direkte
- Kostnader som kan knytast direkte til eit produkt
- Kostnader, faste
- Kostnader som ikkje endrar seg med mengda av sal eller produksjon
- Kostnader, indirekte
- Kostnader som ikkje har nokon direkte samanheng med det aktuelle produktet
- Kostnader, variable
- Kostnader som varierer med mengda av sal eller produksjon
- Kostnadsbasert prissetjing
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt med utgangspunkt i dei kostnadene vi har
- Kredittavtale
- Ein avtale der ein kredittgivar, til dømes ein bank eller eit kortselskap, gir ein kunde kreditt (betalingsutsetjing), til dømes som lån
- Kredittkort
- Ved bruk blir det ikkje trekt noko beløp frå bankkontoen din. Derimot låner du beløpet av kredittkortselskapet. Dette beløpet må du betale attende innan så og så mange dagar. Gjer du ikkje det, må du betale renter av beløpet
- Kryptering
- Er å gjere leselege data uleselege gjennom å bruke ein kodenøkkel. For å gjere data leselege igjen må ein ha denne kodenøkkelen.
- Krypteringsvirus
- Ei skadevare som krypterer filene på ein datamaskin. Filene kan berre opnast igjen med ein kode som berre hackaren har, og du må betale pengar for å få opna dei igjen.
- Kundepleie
- Noko ei verksemd ser på som akseptabelt å gi eller motta, og der formålet ikkje er å oppnå ein fordel på eit seinare tidspunkt.
- Køyre- og kviletidsføresegner
- Føresegner for yrkessjåførar om kor ofte dei må ta pausar i køyringa, og kor lange pausane må vere.
Tilbake til toppen
L
- Lager
- Er ein stad for oppbevaring av varer.
- Langsiktig gjeld
- Gjeld som skal betalast attende i løpet av meir enn eitt år
- Lastberar
- Blir brukt for å kunne handtere mange einingar som ei samla eining.
- Leveringsservice
- Er ulike kriterium som ein transportkjøpar krev at transportørar oppfyller.
- Likviditet
- Betyr betalingsevne, det vil seie å ha pengar slik at ein kan betale til rett tid
- Likviditetsbudsjett
- Viser planlagde innbetalingar og utbetalingar for ein kommande periode
- Lisens
- Beskriv kva rettar opphavsmannen gir andre til å bruke sitt åndsverk.
- Logistikk
- Handlingar som går ut på å koordinere og styre flyten av varer og menneske
- Logistikkoperatør
- Yrkestittel for ein person som arbeider med transport av varer. Lasting og lossing, klargjering for sending av gods dessutan dokumentbehandling og kundebehandling er vanlege oppgåver. Utdanning to år på skule og to år i lære, der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i logistikkoperatørfaget.
Tilbake til toppen
M
- Mal
- Eit dokument som gir eit einsarta oppsett og inneheld noko ferdigskriven tekst
- Mangel (forbrukarkjøp)
- Dersom vara ikkje stemmer med det som er avtalt – ho har til dømes ein skade
- Marknad
- Ei gruppe kjøparar og seljarar som forhandlar om bestemte typar varer og tenester
- Marknadsbasert prissetjing
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva kundane er villige til å gi for det
- Marknadsføring
- Å planleggje og gjennomføre aktivitetar der målet er å få selt produkt som tilfredsstiller behov i marknaden
- Marknadskommunikasjon
- Verkemiddel vi nyttar for å informere målgruppa om det vi tilbyr
- Marknadsmål
- Mål for marknadsføringa i det kommande året
- Marknadsplan
- Ei detaljert utgreiing av marknadsføringa i det kommande året
- Marknadsstrategiar
- Strategiar for å nå marknadsmåla
- Marknadsundersøking
- Ei innsamling og ein analyse av data om marknaden
- Massemedium
- Middel for å spreie ein bodskap til mange menneske over eit stort område på kort tid
- Materialgjenvinning
- Er når avfall blir behandla slik at det kan brukast til å lage nye produkt.
- Medium
- Ein kanal for kommunikasjon. Mediet er det som sørgjer for at bodskapen til bedrifta kjem fram til kunden. Det kan til dømes vere ein plakat i ein butikk, internett eller radio
- Medverknadsplikt
- Den plikta arbeidstakaren har til å følgje alle pålegg som blir gitt for å sikre at arbeidsplassen har eit trygt arbeidsmiljø.
- Mentor
- Ein utanforståande som har den kunnskapen som trengst for å rettleie andre
- Mobile vektartenester
- Vektarar som er ute hos kundar på rutinesjekk eller ved utrykking når ein alarm er utløyst.
- Moral
- Er praktisering av etikken
- MSM
- Marknadsføring i sosiale medium
- Myndigheit (organisasjon)
- Retten til å ta avgjerder og gi ordrar
- Mål
- Ein ønskt tilstand på eit bestemt tidspunkt i framtida
- Målgruppe
- Den delen av marknaden vi ønskjer å vende oss til i marknadsføringa vår
Tilbake til toppen
N
- Naudetatane
- Politiet, brannvesenet og helsevesenet
- Naudnett
- Eit eige digitalt kommunikasjonssystem som skal sikre at naudetatane og andre sikkerheitsaktørar kan kommunisere på ein trygg måte.
- Nestenulykke
- Ei potensiell uønskt hending
- Nettbutikk
- Ein interaktiv og virtuell butikk der kundar kjøper varer og tenester direkte frå ein seljar på internett
- Nettsky
- Lagringsteneste for data på ein ekstern server via internett.
- Norm
- Ein forventa oppførsel eller ei forventa åtferd menneske imellom.
Tilbake til toppen
O
- Objektsikring
- Sikkerheitstiltak for spesielle verdiar inne i eit rom.
- Omlevering (forbrukarkjøp)
- Levering av ei ny, tilsvarande vare
- Omløpsmiddel
- Eigedelar som ikkje er meinte til varig eige eller bruk
- Operativ
- Vil seie at ein er i beredskap og klar til innsats til kvar tid.
- Opphavsrett
- Retten til å bestemme over bruken av eige åndsverk.
- Organisasjon
- Ei gruppe menneske som arbeider saman mot eit felles mål
- Organisasjonsnummer
- Inneheld ni siffer. Det er unikt for bedrifta, som eit personnummer er det for oss
- Organisasjonsplan
- Ei oversikt over fordelinga av arbeidsoppgåver, myndigheit og ansvar i ei verksemd
- Organisatorisk arbeidsmiljø
- Korleis arbeidet er lagt til rette og organisert, graden av medverknad, graden av fridom i jobben, einsformig eller variert arbeid og arbeidstid
- Orm
- Eit datavirus som har eigenskapar til å spreie seg sjølv utan å vere avhengig av ein vert.
- Overskot
- = inntekter – kostnader
Tilbake til toppen
P
- Pakkereise
- Er eit samansett reiselivsprodukt
- Partilast
- Er sendingar som går direkte frå avsendarar til mottakarar utan omlasting ved terminalar undervegs.
- Passasjerterminal
- Er eit areal der passasjerar innleier eller avsluttar reisa si, eller der dei stig om frå eitt transportmiddel til eit anna på veg til reisemålet.
- Passord
- Ein nøkkel som kan bestå av ulike tal eller bokstavar eller teikn i ei bestemt rekkjefølgje for å gi tilgang til ein ressurs.
- Pengebehaldning
- Summen av det verksemda har av kontantar i kassa og pengar i banken
- Periferisikring
- Sikkerheitstiltak rundt det området som verksemda disponerer, som gjerde, portar og bommar.
- Personlege medium
- Medium verksemda nyttar når ho vender seg direkte og personleg til enkeltindivid
- Personopplysningar
- Opplysningar som gir utfyllande informasjon om ein person, og som kan føre til at personen blir kjend igjen.
- Personvern
- Dreier seg om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
- Plagiat
- Å bruke eller etterlikne noko andre har laga, og låst som det er ditt eige.
- Plugin
- Ein programkomponent som legg til ein spesiell funksjon i eksisterande dataprogram
- Post, inngåande
- Posten som kjem til verksemda
- Post, utgåande
- Posten som verksemda sender frå seg
- Primæraktivitetar
- Dei aktivitetane i ei verksemd som tek direkte del i verdiskapinga
- Pris
- Eit uttrykk for kva ein kjøpar må tilby for eit produkt for at eigaren skal vere villig til å gi det frå seg
- Prissetjing, konkurransebasert
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva konkurrentane våre tek for liknande produkt
- Prissetjing, kostnadsbasert
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt med utgangspunkt i dei kostnadene vi har
- Prissetjing, marknadsbasert
- Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva kundane er villige til å gi for det
- Produkt
- I marknadsføringa bruker vi fellesnemninga produkt om både varer og tenester
- Produktavfall
- Avfall som oppstår når vi kasserer eit produkt
- Produktkalkyle
- Viser dei kostnadene produktet påfører verksemda, den fortenesta produktet skal gi, og den utsalsprisen produktet bør ha
- Psykososiale lidingar
- Psykiske plager der årsaka er forhold mellom menneske
- Psykososialt arbeidsmiljø
- Sosiale, mellommenneskelege og organisatoriske forhold som påverkar arbeidsevna, helsa og velferda til arbeidstakarane
- Påslagstalet
- Salspris med meirverdiavgift/inntakskost
- Påverknad
- Verkemiddel vi nyttar for å informere målgruppa om det vi tilbyr. Vi kallar det også marknadskommunikasjon
Tilbake til toppen
R
- Regelverk
- Lover, forskrifter og reglar
- Regionalt samarbeid
- Samarbeid på tvers av fylkes- og kommunegrenser
- Reiselivsnæringa
- Omfattar alle verksemder som tilbyr reiselivsprodukt.
- Reiselivsprodukt
- Er varer og tenester som blir tilbodne innanfor overnatting, servering, transport og attraksjonar/opplevingar.
- Reisemål
- Er ein stad turistar reiser til
- Reklamasjon
- Klage på ein mangel
- Rekneskap
- Ei ordna oppstilling over inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld
- Rekneskapspliktig
- Å vere rekneskapspliktig vil seie at du må sende inn årsrekneskapen din til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund
- Rekruttering
- Å skaffe nye medarbeidarar til ei verksemd
- Rente
- Kostnaden du må betale for å låne pengar. Renta blir oppgitt som ein prosent av lånesummen
- Responsivt design
- At nettsida tilpassar seg avhengig av kva slags medium kunden nyttar
- Restrisiko
- Er den risikoen vi ikkje dekkjer gjennom sikkerheitstiltaka våre.
- Resultatbudsjett
- Viser det resultatet – overskot eller underskot – verksemda planlegg i ein periode. Derfor kallar vi eit resultatbudsjett også for ein framtidsrekneskap
- Retting
- At seljaren reparerer vara slik at ho blir slik det er avtalt
- Revisjon (sikkerheit)
- Å gå gjennom rutinar og måtar vi utfører sikkerheitsarbeidet på, for å avdekkje feil og manglar.
- Revisor
- Kontrollerer at årsrekneskapen til bedrifter er rett. Ein revisor kan også rettleie og gi råd om økonomi
- Risiko
- Er ein fare for at noko kan gå gale
- Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)
- Risikoanalyse for uønskte hendingar og truslar som kan ramme infrastruktur og innbyggjarane i fylke og kommunar.
- Risikoanalyse
- Ei vurdering av risikonivå gjennom vurdering av forholdet mellom nivåa for sannsyn og konsekvens.
- Risikovurdering
- Ein systematisk metode for å komme fram til eit risikonivå for ein verdi gjennom fleire trinn som omfattar beskriving av verdien, sikkerheitsmål for verdien, uønskte hendingar for verdien og til slutt risikoanalyse for denne verdien.
- Rolle
- Forventningar andre har til korleis vi skal oppføre oss i bestemte situasjonar
- Romsikring
- Sikkerheitstiltak inne i bygningar
- RSS-feeder (Really Simple Syndication)
- Nyheiter frå ein nettstad som du kan få levert direkte i e-postlesaren eller nettlesaren din eller byggje inn på di eiga nettside.
- Rutetransport
- Er transport som skjer regelmessig langs faste trasear og er open for alle.
- Rutine
- Ei arbeidsoppgåve som blir teken opp att mange gonger
Tilbake til toppen
S
- Sal
- Å vekkje behov for ei vare eller ei teneste og få kunden til å dekkje dette behovet med den løysinga seljaren tilbyr
- Sal utanfor den faste utsalsstaden til seljaren
- Til dømes dørsal, gatesal, nettsal og sal på messer og utstillingar
- Salskanal
- Det bedrifta nyttar når ho tilbyr varer og tenester til marknaden. Døme på salskanalar er internett, telefon eller ein fysisk møtestad som ein butikk
- Salsprosessen
- Fasane i det personlege salsarbeidet: etablere kontakt, avklare behov, argumentere og avslutning
- Samfunnssikkerheit
- Eit system med mange forskjellige sikkerheitsaktørar som er i beredskap for å handtere uønskte hendingar som kan true verdiane i storsamfunnet.
- Samfunnsverdiar
- Verdiane i storsamfunnet
- Samlastgods
- Er gods frå mange avsendarar som skal til mange mottakarar.
- Sannsyn
- Sjansen for at ei uønskt hending kan skje
- Sannsynsreduserande sikkerheitstiltak
- Tiltak som reduserer sannsynet for at ei uønskt hending skal skje.
- Selskapsavtale
- Ein kontrakt som alle andelseigarane må signere
- Selskapsform
- Set retningslinjene for korleis ei verksemd er organisert, og for ansvaret, risikoen, skattane, rettane og pliktene selskapet har
- Sensor (detektor)
- Ei teknisk innretning som reagerer på ytre forhold.
- Sentraleining
- «Hjernen» for dei tekniske sikkerheitstiltaka, som behandlar signal frå fleire sensorar.
- Server (tener)
- Datamaskin som yter tenester til andre maskinar (klient/brukar) i eit nettverk. Omgrepet «server» blir også brukt om programvara.
- Service
- Totalopplevinga kunden har i samhandel med ei verksemd som tilbyr varer og tenester
- Service (god)
- Å gi det kunden forventar, pluss litt til
- Sikkerheitsaktør
- Privat eller offentleg verksemd som er i beredskap og klar til innsats på kort varsel om uønskte hendingar skulle ramme samfunnsverdiane.
- Sikkerheitsansvarleg
- Ein person i verksemda som har hovudansvaret for alle forhold knytte til sikkerheita.
- Sikkerheitskopi
- Ein kopi av datafilene på ein maskin/server som blir lagra på eit eksternt lagringsmedium.
- Sikkerheitsmappe
- Ei mappe der alle papira som gjeld sikkerheitsarbeidet, blir oppbevarte. Er ein del av internkontrollsystemet til bedrifta.
- Sikkerheitsmål
- Målbare og realistiske mål for den sikkerheita vi ønskjer verdien skal ha.
- Sikkerheitsprosjektering
- Er ein metode for sikkerheitsarbeidet i ei verksemd.
- Sikkerheitstiltak
- Tiltak for å beskytte verdiane våre mot uønskte hendingar som kan true dei.
- Sitatretten
- Rett til å sitere ein avgrensa del av åndsverket til ein annan
- Situasjonsanalyse
- Undersøking av dei ulike forholda (arbeidsvilkåra) som påverkar verksemda vår både på godt og vondt
- Sjølvkost
- = inntakskost (direkte kostnader) + indirekte kostnader
- Skadevare (datavirus)
- Er eit program med ein skadeleg kode som kan gjere skade på maskinen.
- Skalsikring
- Ytre sikkerheitstiltak på bygg, som dører og vindaugo
- SOFTanalyse
- Analysen av arbeidsvilkåra. SOFT er sett saman av forbokstavane i dei engelske orda Strengths, Opportunities, Faults og Threats
- Software
- Dataprogram med instruksar eller kommandoar som styrer ein datamaskin.
- Sosialt arbeidsmiljø
- Handlar om korleis dei tilsette meistrar sosiale situasjonar og klarer å kommunisere, delta og samarbeide med kvarandre
- Spionvare
- Ikkje-godkjende program på datamaskinen som ulovleg hentar inn informasjon om deg.
- Sponsor
- Ein som ønskjer å bli assosiert med verksemda di og produktet ditt
- Storsamfunnet
- Menneska som bur i landet vårt, infrastrukturen som får samfunnet til å fungere, og dei prinsippa samfunnet er organisert etter.
- Strategi
- Eit middel for å nå eit mål
- Støtteaktivitetar
- Dei aktivitetane i ei verksemd som har som formål å støtte opp under primæraktivitetane
- Systemadministrator
- Ein person som har utvida fullmakter til å administrere datasystem og nettverk.
- Systematisk HMS-arbeid
- Eit system for HMS-arbeidet som følgjer eit fast oppsett som gir ei god oversikt og eit system som er lett å følgje og oppdatere. Skal tilfredsstille alle myndigheitskrav til innhald.
- Særskilde brannobjekt
- Er bygningar med høg risiko for brann og eksplosjon
- Søkjemotor
- Dataprogram til å søkje etter informasjon på internett.
- Søkjestreng
- Det du skriv i søkjefeltet i ein søkjemotor
Tilbake til toppen
T
- Taksttabell
- Viser kva det kostar å reise frå ein avgangshaldeplass til ein endehaldeplass.
- Tariffavtale
- Ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar eller ei arbeidsgivarforeining
- TA-system
- Eit digitalt system for kjøp, bestilling og handtering av frakt og fraktdokument.
- Teknisk kvalitet (teneste)
- Kva kunden faktisk tek imot av den som yter tenesta
- Tekniske sikkerheitstiltak
- Består av elektroniske komponentar, og er stilte inn for å reagere på visse ytre forhold.
- Teneste
- Eit ikkje-konkret produkt som blir produsert og forbrukt samstundes
- Tenestenekt, sjå DoS-angrep
- Terrorhandlingar
- Er ulovleg bruk av makt eller vald, eller trussel om dette, mot personar og eigedom.
- Tillitsvald
- Ein arbeidstakar som er vald av andre arbeidstakarar for å vere talspersonen deira og skjøtte interessene deira overfor arbeidsgivaren.
- Tilsynsmyndigheit
- Offentleg organisasjon som på vegner av styresmaktene har som oppgåve å sjå til at visse lover blir følgde opp i verksemder som er pålagde å følgje lovene.
- TONE
- Truverd, Objektivitet, Nøyaktigheit, Eigna – metode for kjeldekritikk
- Transport
- Er å flytte personar og gods frå éin stad til ein annan.
- Trojansk hest
- Eit tilsynelatande nyttig dataprogram, men som er skadeleg for datamaskinen ved at programmet inneheld datavirus med ein skadeleg kode.
- Trunkering
- Når vi bruker jokertegnet * i byrjinga eller slutten av eit ord i søkjestrengen.
- Trussel
- Ein ytre påverknad mot ein verdi som kan gjere at han går tapt eller blir skadd.
- Trusselvurdering
- Vurderingar av uønskte hendingar som kan true sikkerheita.
Tilbake til toppen
U
- Universell utforming
- Samfunnet skal vere utforma slik at så mange som mogleg kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.
- Urimeleg handelspraksis
- Ufine forretningsmetodar som gjer at forbrukarane blir lurte eller pressa til å gjere noko dei ikkje hadde gått med på dersom dei hadde visst betre
- Utgift
- Når du betaler rekningar, til dømes når du kjøper varer, råvarer, maskinar, bilar og anna som verksemda treng
- Utgåande faktura
- Faktura verksemda sender til kundane sine
- Utgåande post
- Posten som verksemda sender frå seg
- Uønskt hending
- Er noko vi ikkje ønskjer skal skje fordi det utgjer ein trussel mot éin eller fleire av verdiane våre.
Tilbake til toppen
V
- Vare Er ein fysisk gjenstand som nokon eig. Eigedomsretten til gjenstanden blir øverført frå ein seljar til ein kjøpar gjennom ein kjøpsavtale.
- Vareflyt
- Er kretsløpet til ei vare frå opphav til gjenvinning
- Varetransport
- Er transport av varer internt på godsterminalar og grossistlager.
- Variable kostnader
- Kostnader som varierer med mengda av sal eller produksjon.
- Vedlegg
- Eit dokument som viser at vi anten har hatt ei inntekt eller ei utgift
- Vedtekter
- Reglar som alle eigarane må følgje og ta omsyn til
- Velferdsstat
- Ei sosial ordning basert på omfordeling av skattar og avgifter som bidreg til å tryggje det økonomiske og sosiale livet til innbyggjarane.
- Verdi
- Er noko vi ikkje ønskjer at skal bli skadd eller bli borte
- Verdikjede
- Nemninga på alle dei aktivitetane som er nødvendige for å produsere og selje varer og tenester, og som er med på å skape verdiar for både verksemda og kundane
- Verdiløfte
- Seier noko om dei verdiane verksemda skal skape for kundane sine, det vil seie kva behov som skal dekkjast
- Verneombod
- Ein arbeidstakar som er vald av andre arbeidstakarar for å skjøtte interessene deira i saker knytte til arbeidsmiljøet.
- Vertikalt samarbeid
- Samarbeid mellom ulike ledd innanfor distribusjonen, til dømes mellom ein produsent, ein grossist og nokre detaljistar (butikkar)
- Vesentleg mangel (forbrukarkjøp)
- Er når hensikta med kjøpet ikkje blir oppnådd
- Visjon
- Skal seie noko om kva verksemda står for, og kven ho er til for, og samstundes gi eit uttrykk for kva verksemda ønskjer å bli, oppnå og skape
- Visuelle verkemiddel
- Formidling av informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk
- Visum
- Er eit løyve til å reise inn i eit land
Tilbake til toppen
Y
- Yrkessjåfør
- Yrkestittel for ein person som transporterer personar og gods på ein effektiv, sikker, miljøvennleg og økonomisk måte. Utdanning to år på skule og to år i lære, der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i yrkessjåførfaget.
Tilbake til toppen
Å
- Åndsverk
- Er eit menneskeskapt verk som for eksempel ein tekst, eit bilete, eit musikkstykke, ein tale eller ein presentasjon.
Tilbake til toppen